Fjelltrimmen med ny registrering av poeng.

Trimpoeng er ein app for telefon for registrerig av poeng på fjelltrimpostar. Den finns for Android og Iphone.

Nytt av året er at Risnes idrettslag har kjøpt registrering av poeng på fjelltrimmen med appen Trimpoeng.

Dette medfører at registrering skjer med mobiltelefon. Det er ikkje heilt klart kva vi gjer med born som ikkje har mobiltelefon, men enn så lenge blir kassane brukt som før.

For å vera med kjøper den som ikkje har anledning til å bruka appen, kart på Spar Hosteland. Kr. 50,- for born til og med det året ein fyller 16 år, og kr. 100,- for vaksne, frå og med året ein fyller 17.

Dei som brukar appen betaler via den. Appen er gratis. Ein betalar berre for deltaking. (Bankkort eller Vipps)

På denne nettsida, http://www.trimpoeng.no/i/fjelltrimposter18/delta/, finn du informasjon om nedlasting og registrering.

Opning for registrering er 1.mai 2018, men nedlasting av appen kan gjerast no. Konkurransekode: FTP18.

Dei "elektroniske" postane har ein sirkel på 50 meter. Når du er innafor denne sirkelen kan du registrera i appen. Det er ikkje sikkert at kassane og elektroniske postar stemmer heil, men dette vil bli justert etter kvart som vi får erfaring.

Så får vi håpe dette går fint og at mange tek det i bruk.

Spørsmål kan rettast til Rune , tlf. 992 54 895 eller Kolbjørn tlf. 99027121 så skal vi svara så godt vi kan.

God tur

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift