Risnes IL

Sleirsfjellet opp

Sleirsfjellet opp

Sleirsfjellet Opp er eit motbakkeløp for alle og vart arrangert for 1.gong i 2009.

Risnes IL er arrangør og har over 25 frivillige med årleg i arrangementet som samlar

mosjonistar og aktive til myldring og motbakkemoro!

Løpet startar ved Sleire grendahus ( tidlegare Sleire skule) og har ei løype på 3,4 km til Sleirsfjellet

på 549 m.o.h. Utsikta på toppen er verdt eit besøk - der Masfjordfjella, skjærgarden, Gulen sokna

og litt av Stølsheimen kan skimtast!

Ein stor og god sponsordeltaking årleg, gjer at ein kan ha god premiering til alle deltakarane og ved påmelding får alle ei t-skjorte med årets farge, Sleirsfjellet Opp logoen og alle hovedsponsorane på. 

                                                                                                                                                                                                                                                                Foto: Jane Britt Daae                                                                                                                                                                                                                                                                        

Arrangementet har sidan starten hatt god premiering der alle har lik sjanse til å vinne. Hovudpremien på 5000.- vert uttrekt blant alle startnummera, saman med mange andre gåvepremiar.  Premieutdelinga føregår ved grendahuset etter kl.14.00 når alle er kommen tilbake frå målområdet på toppen.

Gulen Røde Kors har vore med på alle arrangementa. Dei har hatt lite å gjere, men representerar tryggleik og kompetanse rundt sikkerheiten ved arrangementet.

Som arrangør er me særs glade for samarbeidet med GRK der deira nervær har stor verdi!

Sleirsfjellet Opp ynskjer å vere eit folkehelsearrangement for alle - der fysisk aktivitet fremjer sosialt fellesskap og glede. Myldringa ved grendahuset der kafe, musikk og underhaldning finn stad - gjer sitt til at alle kan ta del i det årlege arrangementet. Speaker Tor Kåre Nilsen og Musikant Leif Sleire, har vore med heile vegen og sørger for den fine råma arrangementet har fått ved grendahuset.  Kvart år står ein eller fleire skuleklassar for kafesalget, der herleg betasuppe, sveler og kaker er noko av freistingane på menyen.

Påmeldinga til arrangementet kan ifrå 2016 gjerast online eller ved påmelding sekreteriat løpsdagen frå kl. 09.15

 

Eingongslisens er inkludert i startkontigenten. ( jfr Idrettsforbundet sine regler for mosjonsarrangement).

 

 Foto. Jane Britt Daae

RISNES IDRETTSLAG
5986 HOSTELAND

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift