Risnes IL

60-års jubileum

60-års jubileum

Risnes IL feira seg sjølv med jubileumsfest på Nordbygda Samfunnshus

 

Vel 120 gjestar var tilstades i Nordbygda si storstove for å feire eit langt idrettsliv.

Risnes idrettslag markerte sitt 60-årsjubileum med mimring, middag, underhaldning og god stemning. – Risnes Idrettslag har vore ein stor del av livet til veldig mange.

På programmet sto historisk tilbakeblikk, der Birger Wergeland fekk fram mykje

av den aktiviteten som har vore i laget sidan laget vart stifta 1.1.1955.  Han fortalde om den gode og breie aktiviteten med mykje engasjement frå første stund. Eldsjelar var med og la tilhøva til rette for blant anna skileik, skøyter, fotball, friidrett og då særs friidrettsmerke-øvingane. Risnes IL har hatt 3 medlemmer som har fått den gjeve friidrettsstatuetten, det er Haldis Torsvik, Håkon Torsvik og Kjell Sleire.

På jubileumsfesten vart det delt ut heider og ære til mange medlemmer. Eit lag basert på frivillige, gjer seg ikkje sjølv og mange har gjort mykje for at helsa og trivnaden skal halde fram i bygda vår.

Håkon Torsvik fekk hederspris, saman med Elin S.Borge og Tone Haugsvær. Medlemmer i laget som igjennom mange år har stått på som leiar, organisator, tilretteleggar og kasserar.

På menyen sto deileg betasuppe – og laga på dugnad, saman med eit vell av kaker!

Idrettslaget fekk helsing og gåve frå Masfjord Fotballag og Bjørn West idrettslagr. Begge lag som har samarbeida tett og godt med Risnes idrettslaget i ei årrekkje.

I løpet av jubileumskvelden fekk gjestane artig innslag med ungdomsskuleelevane, som viste kleskolleksjonen til idrettslaget igjennom tidende. Her kom og ”Sleirsfjellet Opp” –t.skjortene fram! Alle borna som hadde delteke i Telenorkarusellen på ski i vinter, fekk komme fram og motta velfortent og varm premie.

Turid Rekve, Åshild Krige, Vidar Sleire Tistel og Maria Bertine S.Tistel fekk blomsterhelsing for gode prestasjoner.

Risnes Idrettslag har si eiga nettside og fleire grupper som legg til rette for betre folkehelse og idrettsaktiviteter til vel 150 medlemmer og andre som ynskjer det. Fjelltrimgruppe har oppigjennom åra gjort ein framifrå innsats for å legge til rette for turaktivitet for store og små. Dette er ein av dei populære aktivitetane i laget som elles har basistrening og volleyball som faste innslag haust og vinter, skileik og barmarkstrening, klatring og kanoaktivitet som tilbod. Motbakkeløpet ”Sleirsfjellet Opp” vart arrangert av idrettslaget første gong i 2009 og har veldig mange frivillige med seg i arrangørstaben. Dette er eit triveleg fellesprosjekt som kvart år samlar trimmare i alle aldre og form til myldring, konkurranse og triveleg samvær.

Idrettslaget har elles  hatt medlemmer med på stafetter dei siste åra. Både Brekkestafetten og Vikjastafetten. Idrettslaget ynskjer seg eit ferdigstillt idrettsanlegg i Nordbygda med fasilitetar for friidrett og vil arbeide for dette framover, saman med ski og turløype på Sleire.

Me ynskjer nye medlemmer velkommen ilaget og takkar alle medlemmer for det arbeidet dei gjer for laget. Nyttar og høve til å takke sponsorar som kvart år bidreg stort for at særs Sleirsfjellet Opp kan vere det flotte arrangementet det er.

 

 

Vidar Sleire Tistel – leiar Risnes IL

RISNES IDRETTSLAG
5986 HOSTELAND

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift