Risnes IL

Sleirsfjellet Opp 2016

Sleirsfjellet Opp 2016

Me ynskjer deg hjarteleg velkommen til motbakkeløp og myldring laurdag 4.juni!

 

Sleirsfjellet Opp vert arrangert for 8 gong og me håpar du tek turen til Sleire og Masfjorden.

Motbakkeløpet er for alle - om du vil delta i konkurranseklasse eller trimklasse. Vinnarsjansene er store - uansett kva klasse du melder deg på i!

Alle som melder eg på får årets t-skjorte i flott farge med "Sleirsfjellet Opp"- logo og alle sponsorane på. Dette er ein T-skjorte av god kvalitet, som alltid er ei populære deltakargåve.

Hovudpremien er Nok 5000.- som vert utrekt på startnummer blant alle deltakarane, vidare vert det og iår,  veldig mange gåvepremiar takka vere våre gode sponsorar og

samarbeidspartnare.

Om du ynskjer å følgje løpet frå grendahuset med ein god kopp kaffi og ei svele, kan du det. Der vert mykje godt å få kjøpt på kafeen som 8.klasse ved Nordbygda Skule har regien for. Her får du kjøpt suppe, kaker, boller, mineralvatn mm.

Me er heldige å ha med oss "TK" - Tor Kåre Nilsen som dyktig speaker og "vår" flinke spelemann, Leif Sleire - dei underheldt, heldt oss oppdatert og informert både før - under og etter løpet - år etter år!

I løpet av dagen deltek og elevar frå Masfjorden kulturskulen med song og musikk. Åshild Krige tar ei fin økt med felles oppvarming ved grendahuset før konkurranseklassen startar.

 

Etter målgang på Sleirsfjellet får du banan og drikke om du vil ha. Går du i trimklassen, er det lurt å ha med litt drikke undervegs og gjerne litt frukt el niste.

 

Me ynskjer at born under 11 år går saman med vaksne - dette med bakgrunn i sikkerheit og tidlegare erfaringer med løpet.

Skriv deg gjerne i boka til fjelltrimmen ( raud postkasse) og ynskjer du å delta i årets fjelltrim kan du kjøpe fjelltrimkart hjå SPAR Hosteland.

Med vanleg gangfart bruker du 1 god time til toppen, med born gjerne litt lengre tid. Går du i trimklassen må du starte før kl 11.15 - dette avdi konkurranseklassen startar 12.00 og dei bør ha mest mogleg fri løype oppover. Er du på veg ned frå toppen, går du ut av løypa/stien når løpare er på veg opp!

Halvegs er der drikkestasjon- den er der mest for konkurranseklassen. like nedanfor drikkestasjon er spurtpris  ( 500.- til første kvinne/mann over streken)

Gulen Røde Kors stiller iår og opp med frivillige i løypa - so det er god hjelp å få om uhellet er ute.

Der er elles vakter i løypa med gule vestar som er med under arrangementet i løypa og ved grendahuset. Der er radiosamband på toppen, ved start og undervegs i løypa. Opp igjennom løypa møter du på trivelege løypeskilt me gode kommentarar. Nytt iår er natursti til halveges i løypa ( drikkestasjonen), som Barnas Turlag Masfjorden arrangerar. Du finn

lappar for natursti ved grendahuset og raud postkasse- legg lappane oppi att etterpå med namn og adresse.

I konkurranseklassen er der manuell tidtaking, noko som fungerar særs godt år etter år- der dyktige funksjonærar heldt kontroll på tidene, rapporterer ned "live" til speakertenesta ved grendahuset og heldt spenninga oppe.

Påmelding frå kl.09.15 ved grendahuset.Her finn du og wc og enkel garderobe. Treng du dusj er det mogleg på klubbhuset ved Nordbygda Sentralidrettsanlegg.

Parkering på tilviste plassar- kun dei med særskilte behov for køyre til grendahuset og parkere- dette for å unngå trafikk og inn/utkøyring ved startområdet der små og store trimføtter ferdast!

Ynskjer du å kjøpe ei t-skjorte frå eit av dei tidlegare åra- kan du det i sekreteriatet på grendahuset. Der finn du og resultatlister etterkvart som dei er klare, saman med bilete frå tidlegare arrangement.

Premieutdeling og trekking av hovedpremie, samt gåvepremiar vert ved grendahuset etter løpet ca kl. 14.30

Sleirsfjellet Opp har og hatt ein før- konkurranse gåande - "10 turar til toppen før 1.juni" - her har mange mobilisert eigne kreftar og trakka iveg til Sleirsfjellsvarden.

1 vinnar vert trekt ut på direkten 4.juni ved grendahuset - spanande!

 

 

Nyt dagen og myldringa ved grendahuset - me lovar deg sosialt felleskap og fin underhaldning -der helegevinsten er stor.

 

Sleire skulemuseum er ope - turen inn dit er verdt eit besøk.

 

Kom gjerne med tilbakemeldingar til arrangementet - til arbeidsgruppa;

 

Tove Kristin  - tkstistel@gmail.com

 

Tone  - tone.haugsvar@masfjorden.kommune.no

 

RISNES IDRETTSLAG
5986 HOSTELAND

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift