Risnes IL

Sleirsfjellet Opp 2009

Sleirsfjellet Opp 2009

Det første motbakkeløpet - Sleirsfjellet Opp- vart arrangert sundag 16 august. Dette vart innlemma i Masfjorden Kommune sine kraftspel og

Masfjorden Kommune v/ adm. har bidrege med råd, praktisk hjelp i forkant av arrangementet.

Der var vel 130 deltakare i eit ordentleg ruskevær, med skodde og regn.

Arrangementet vart avvikla med ein flink gjeng på funksjonærsida og med god støtte av Gulen røde kors.

T-skjorta var grønn og hadde premiere med logo laga av Rune Garmann. Ved påmelding får alle ei t-skjorte - eit fint minne frå motbakkeløpet.

T-skjortene er ein stor kostnad for arrangementet, men lar seg gjennomføre når ein får fleire hovedsponsorar.

Hovedsponsorane dette året var: Masfjorden Kommune, Sparebanken Vest, Nordhordland Avis, BKK, Entreprenør A.Birkeland, Wergeland- Halsvik as, Marine Harvest, Karina Design, Baker Hughes, Sveins Bakeri,

Desse var alle på årets t-skjorte.

Elles var det flotte gåvepremiar frå fleire lokale og regionale støttespelare. Kjempeflott at so mange vil vere med å bidra, noko

som gjev vinnarsjanse til endå fleire - der gåvepremiane vert trekkt ut blant dei alle påmeldte uansett klasse. 5000.- er hovedpremien som alle deltakarane har sjanse til å vinne. Ellers er det premiering til 1.2.og 3 plass i kvar klasse Kvinne/ Mann.

Kafe og myldring ved grendahuset, med musikk og speakerteneste, er eit konsept som er ynskjeleg for neste års arrangement og.

 

Ordførar Håkon Matre opna samstundes nærmiljøanlegget ved Sleire Grendahus

Det kom mykje positive tilbakemeldingar og nytt løp var planlagt utover hausten - men då med ynskje om å få løpet før skuleslutt og

helst til ein laurdag.

 

RISNES IDRETTSLAG
5986 HOSTELAND

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift